Vil etablere solceller på elleve skuleanlegg

Fylkestinget har vedtatt ein handlingsplan for solceller på fylkeskommunale bygg. Elleve prosjekt skal gjennomførast innan utgangen av 2026.

Solcellepanel på taket av Arna videregående skole.
ELLEVE PROSJEKT: Handlingsplanen omfattar ei konkret liste på elleve prosjekt der fylkeskommunen ønskjer å installere solcelleanlegg. Biletet viser Arna vgs som allereie har sollcellepanel. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune.

I 2022 vedtok fylkestinget det skulle utarbeidast ein konkret handlingsplan for solceller og solfangarar på fylkeskommunale bygg. Sidan den gong har det vore arbeidd i fleire fasar med å kartlegge, analysere og utarbeide ein konkret handlingsplan. Denne er no klar og heiter «Framtidsretta energiforsyning i Vestland fylkeskommune sine bygg».
 
– I dette arbeidet har det vore viktig å prioritere dei rette tiltaka knytt til etablering av solceller, kva som er ei god investering, og ikkje minst kva som er gode tiltak for at klimagassutsleppa skal bli minst mogleg. Investeringa i desse anlegga vil vere eit viktig bidrag for å nå målsettinga i klimaplanen om eit netto nullutslepp i 2030, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Målretta arbeid

Fylkeskommunen har gjennom dei siste åra arbeidd målretta med å sette søkjelys på å velje berekraftige løysingar i alle byggeprosjekt. 
 
– Fylkestinget har ved fleire høve handsama viktige saker knytt til å velje berekraftige løysingar, både i høve til drift av eigedomsmassen og når det gjeld å sette strenge krav til byggeprosjekta våre, seier Askeland. 

Her vil fylkeskommunen ha solcelleanlegg

Handlingsplanen omfattar ei konkret liste på elleve prosjekt der fylkeskommunen ønskjer å installere solcelleanlegg. Målsettinga er å realisere desse innan utgangen av 2026. Etter EU28-Europeisk forbruksmiks vil denne investeringa gi eit samla redusert klimagassutslepp på om lag 8700 tonn CO2-ekvivalentar. 

Dette er prosjekta som er vurdert som best eigna å starte med:

  • Bømlo vgs.
  • Eid vgs.
  • Fyllingsdalen vgs.
  • Førde vgs. avd. Mo
  • Knarvik vgs. avd. Juvik
  • Måløy vgs.
  • Nordahl Grieg vgs.
  • Olsvikåsen vgs.
  • Os vgs.
  • Sandsli vgs.
  • Årdal vgs.

Når desse prosjekta er realiserte er planen å evaluere, oppdatere talgrunnlaget og deretter prioritere fleire solcelleprosjekt i handlingsplanen. 
 
Vil du lese handlingsplanen «Framtidsretta energiforsyning i Vestland fylkeskommune sine bygg»? Følg lenka og gå inn på sak PS 16/2024.